måndag 25. februar 2008

Jadå

No har det vore ei stund sidan sist... Og eg som var inne i slik ein god trend. Jaja. No har eg kome heim frå studentsamling i Bergen, der me hadde mykje lått og løye, og lærte mykje. Det gjorde i alle fall eg. :o) (Eg kan kanskje nemna at eg blant anna lærte at det ikkje er lurt å koma for nær pop corn om ein ikkje har på seg pologenser eller noko med like lite utringing som ein pologenser... :oP Pop corn på Hulen er generelt litt tvilsomt... :oP Hehehehe)


I morgon skal eg vaska klede, gå på forelesing, drikka kaffi med Miriam, innom skrivars(sjølvsagt :oP ), tørka klede, pakka, og so skal eg ta nattbussen retning Volda. Jepp. Meir enn nok å gjera i morgon ser eg... Alltid litt stress før eg legg ut på målferd... Men det gjekk no so greitt sist eg var på tur, at eg reknar med at det heile gjeng fint. Jadå. Men eg kan ikkje sei at eg har sakna Volda-bussen sidan sist eg tok han... :oP Hehe. Får håpa det ikkje er so mange folk som skal oppover, slik at eg kan breia meg over to seter! Det er alltid kjekt.

Men sidan eg skal prøva å koma meg opp klokka åtte i morgon tidleg for å vaska klede og slikt so er det ein fordel at eg kjem meg i seng. Jupp, jupp!

Fred ut i nabolaget, ens.


Añha

laurdag 9. februar 2008

Go go, Målsiddisane!

Sjekk det ut! Skambra! :oD

Artikkel i Aftenbladet.

Woho!!!

TOKIO HOTEL KJEM TIL OSLO!
Det er so utruleg KULT! Eg gler meg som ein unge! Tokio Hotel skal spela i Spektrum 7. april, og eg skal so sjukt på den konserten! Det kjem til å verta skambra! Meg, Silje og Rita, og alle fjortisemojentene i Oslo, pluss endå fleire jenter... Det er sikkert det som kjem til å vera publikumet. Haha. Men eg gler meg! Yey! :oD :oD :oD



Añha

tysdag 5. februar 2008

Trondheim

Ja, Trondheim, here I come! Eg skal ta nattoget opp til Trondheim i kveld, slik at eg er der i god tid før årsmøtet til SmiN i morgon. Skal verta show å vera på årsmøtet deira :o) Det einaste kjipe er at eg tek nattbussen heim igjen i morgon kveld, so eg får to dårlege netter på rad :oP Men får håpa at det ikkje er so mange folk på bussen denne gong. Forrige gong eg tok nattbussen frå Trondheim var det so mange som skulle reisa at dei måtte setja inn ein ekstra buss so skulle køyra Trondheim-Røros. Det var veldig... intimt. So eg krossar fingrane.
Noko som eg heller ikkje gler meg for mykje til er byvandringa eg må gi meg ut på heile dagen. For eg har eigentleg ingen planar før årsmøtet. Hm. Eg får pakka ned ei skulebok eller to, so kanskje eg kan læra litt om Brit. civ. på den tida eg har der oppe. Håpar berre at det ikkje er dårleg ver. So får eg no gjort meg betre kjend i byen då, so det er jo kjekt. Og so får eg gå innom Outland, noko som alltid er kjekt ^^
Men eg må gjer meg 100% klar for tur, so eg kan ikkje bruka meir tid på å skriva her! Nei, fysj ;oP

Fred ut.


Añha