Kvifor er det alltid slik at eg får lyst å skriva på bloggen min når eg ikkje har noko å skriva om, medan når det skjer ein haug med ting skriv eg aldri... Eg merkar at eg synst det er heller upraktisk... Men no er det visst slik det er. Eg har vaska ein haug med klede i dag, og då eg sat og bretta dei reine sokkene mine dukka det plutseleg opp ein ukjend sokk. Eg undrar litt på korleis den sokken kom seg oppi med mine klede. Men, men. Det er nok ganske merkbart at det ikkje har hendt so mykje spanande i dag :P Men julegåva til pappa kom i posten i dag, so det var litt stas. Eg merker at eg byrjer å verta a jour med julegåvene, og det kjennest godt :)
Elles har eg veldig dilla på denne songen fått:
Adam Lambert - Your Entertainment
Har og dilla på denne:
Aloha from hell - Walk away
torsdag 26. november 2009
onsdag 26. august 2009
torsdag 20. august 2009
Oisann... :-P
Ja, nei, nok ein gong har eg vore dårleg til å oppdatera denne bloggtingen... Men no sit eg her på hybelen og høyrer på regnet, so då tenkte eg at eg kunne skriva nokre liner. Sumaren har gått med til å jobba, og so har eg vore heime ei veke i juni og ei veke i august. Eg var og innom sumarleiren til NMU eitt heilt døgn. Imponerande! ;P Elles har det ikkje vore so mykje action.
Elles har enno fleire målungdomar kome til Kringsjå, so på neste pakkedugnad med SmiO-styret vert det morosamt å sjå kor mange det er med omtrent same adressa ;P
Ein del av sumaren har og gått med til å søkja seg inn på fag på universitetet og finna ut kva fag eg kunne ta samstundes, og kva fag som krasja. Det er nesten ein eigen vitskap det der! So måtte eg jo laga lister over kva pensum eg skulle ha fatt i, og kva dei forskjellige bøkene kosta på Akademika kontra Amazon. Ja pensum-action! :P Eg har då endt opp med Eldre verdshistorie, Global English, Keltisk sivilisasjon, Fonetikk og Northern Ireland. Det vert spanande :)

torsdag 28. mai 2009
Sumarleir!
Jadå folkens, då er det ikkje lenge til sumarleiren til Norsk Målungdom! Det heile brakar laus i elverum 24.-28. juni, og kostar berre 700kr. Om de vil lesa meir om leiren er det berre å klikka på biletet til venstre på bloggen :)
Håpar å sjå deg der!
Håpar å sjå deg der!
søndag 17. mai 2009
Woooooooooooot!
JAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAA! Noreg har endeleg vunne Melodi Grand Prix igjen! Ska innrømma at eg er omtrent drittlei 'Fairytale', men berre fordi me vann skal eg overleva å høyra songen ein million gonger! Go Alexander Rybak og Frikar! (Og dei to kordamene eg ikkje veit kven er) Bra jobba! ESC, come to me! Glede meg så ein onge te neste år! Eg SKA så sjukt på den finalen! Sist eg var i publikum på den internasjonale finalen var jo i 2000, så då e d jo tiårsjubileum neste år! Woot!
fredag 15. mai 2009
Siste synsing før finalen; dei siste fem bidraga
Frankrike
Patricia Kaas – S'il fallait le faire
Ho er visst ei ganske stor internasjonal stjerne, men eg hugser henne ikkje igjen. Men s driv ho jo ikkje akkurat med den typen musikk eg høyrer på. Pluss for at Frankrike igjen syng på fransk. Men eg synst songen er ganske keisam, sjølv om den og er fin. Dama syng jo bra, og det er ein litt dramatisk song, men det tar liksom ikkje av. Trur ikkje det er ein vinnar.
2 poeng
Russland
Anastasia Prihodoko – Mama
Denne songen er litt kult, og heilt forferdeleg på ein gong. Men når songen går mot slutten manifesterar den seg som ein torturreiskap. Ikkje bra! Kva er poenget med all hylinga? Kan ikkje alle berre slutta å senda hylebidrag!? Kva fanken!? Ho syng visst på russisk og ukrainsk, og det er jo bra, men fy! Dama ser jo bra ut og greier, men ikkje når ho kryp rundt på golvet og hyer på mamma. Nei. Men om ein tar bort vokalen og greier så likar eg det musikalske nokso godt.
2 poeng
Tyskland
Alex swings! Oscar sings! - Miss kiss kiss bang
På eine sida er dette ein kul song, og ein får lyst til å dansa. Fyren som syng er kjekke, og han syng ganske bra. Men eg er generelt lite glad i songar der store delar av teksten er 'shubbidibbididi' og liknande. Nei. Men det er betre enn dei to andre. Sist Tyskland sende ein swingsong gjekk det jo veldig dårleg, så det vert spanande å sjå korleis det går. Kanskje det går ganske bra, spesialt sidan det skal gis poeng både frå juryer og publikum. Eg vil gjerne ha ein song på tysk frå Tyskland igjen. Swingsongen for to år sidan var jo på tysk, og det var jo bra...
3 poeng
Storbritannia
Jade Ewen – My time
Andrew Lloyd Webber har skrive denne songen, og eg hadde store forventingar, en vart veldig skuffa. Damam syng greitt, men ikkje bra nok for denne songen. I tillegg er det jo ingen grenser for egofilien i denne songen, så det set eg lit pris på. Eg føler verkeleg ikkje at det er Jade Ewen's time i år. Nei. Litt hylete her og i slutten. Eg vilikkje ha meir hyling! Denne songen kunne passa godt inn i ein musikal, men ikkje her. Nei. Denne songen likar eg nesten mindre og mindre kvar gong eg høyrer den.
1 poeng
Spania
Soraya – La noche es para mí
Denne songen likar eg best når eg slepp å sjå dama som syng. Ho er litt for sjølvdiggande til at det er kult. I tillegg likar eg IKKJE at halve refrenget er på engelsk. Lite kul tekst. Men når eg berre høyrer songen, og prøver å ikkje høyra for mykje på det engelske, så likar eg denne songen ganske godt. Bra at det meste av teksten er jo på spansk, så det likar eg.
Om eg berre høyrer songen og ser vekk frå engelsken frå ho 4 poeng, når eg ser dama så får ho 3 poeng.

torsdag 14. mai 2009
Oppsummering semi 2
Desse gjekk vidare til finalen på laurdag:
Azerbaijan
Kroatia
Ukraina
Litauen
Albania
Moldova
Danmark
Estland
Noreg
Hellas
Hey! Sju av dei eg ville ha med er jo ikkje gale! Eg skjønar meg ikkje heilt på kvifor folk ville ha med hylinga til Kroatia då... Litauen kan eg skjøna betre, den songen var jo ganske bra, trass i at eg irriterte meg over uttala hans. Moldova var heller eigentleg ikkje så uventa. Betre live enn den videoen eg har sett tidlegare, og mindre irriterandes. Og så hadde ho veldig stilig kjole ;P Eg synst det var synd at ikkje Irland gjekk til finalen, for den songen likte eg... Men det vert spanande på laurdag! Er ikkje heilt sikker på kven eg trur kjem til å vinna...

Abonner på:
Innlegg (Atom)