onsdag 30. januar 2008

Fascinert...

Jau, no var det ikkje lengje sidan sist!

Eg berre har vorte so utruleg fascinert i dag! Av to ting: Cinema bizarre og panneluggen min. Ja, det høyrest utruleg ut som om eg har eit liv når eg vert fascinert av ein pannelugg, men det får berre vera.

Men det fyrste fyrst: Cinema Bizarre.
Ja, dette er då eit tysk band eg snofla over her tidlegare i veka. Eg veit ikkje heilt om eg likar dei, eller om eg berre er fascinert. Men etter å ha høyrd ein del på dei so har eg vel kome til konklusjonen at eg likar dei. Eg har hatt utruleg dilla på den eine songen deira, "Escape to the stars", omtrent heile dagen. Men det fekk i alle fall brevbrettinga til å gå fortare. ;oP
Og so tenkte eg at eg må nesten leggja ved eit bilete av dei, slik at de kan få sjå dei, for eg har ei kjensle om at ingen kjem til å verte overraska over korleis dei ser ut og at eg likar dei. :oP Og so må eg forresten sei at eg synst vokalisten, Strify, er ganske kjekk. Mhm. Og Yu, han med svart og raudt hår... Og berre so det er sagt: Nei, ingen av folka i Cinema bizarre er jenter. :oP

Det andre som har fascinert meg dei siste dagane er jo panneluggen min. Dette fordi eg har fått rettetanga mi i posten, so no slepp eg den IRRITERANDE "vippen" som panneluggen min har ein tendens til å få. Men eg er so vant til den vippen, at eg vert heilt fascinert når panneluggen min ligg nett slik eg vil! Heilt glatt! Ja, nei, det er rett og slett fascinerande. noko som er litt irriterande er at eg har lang ettervekst no, noko som ser litt rart ut, når halve hårstrået er den herlege oransjfargen min, og den andre halvdelen er rosa eller grønblåturkis. Gler meg til eg får ny hårfarge!

Men no har eg vil skrive nok om desse fascinerande tinga, so fred ut! Her kjem eit par bilete:

Cinema bizarre:


Strify:

0 kommentarer: